Vårprogram 2025

Tysdag 21. januar kl 19.00: Yngvar Andersen frå Fortun i Luster kåserer: Bli inspirert til trening og nynorsk! I 2008 fikk han målprisen til Luster Mållag fordi han brukte nynorsk i marknadsføringa av firmaet sitt og for bruken av dialekta si i media. Frå 2006 var han ein tydeleg profil i NRK-programmet Puls, der han gav treningsråd til TV-sjåarane. Han er født i 1974, norsk friidrettsutøvar og trenar.

Tysdag 4. februar: Årsmøte. Saker til årsmøtet vert send ut til medlemene 14 dagar før.

Tysdag 18. mars: Forfattaren Brynjulf Jung Tjønn vil halde foredrag om oppveksten, korleis det er å vere adoptert og kva nynorsken har betydd for han. Han er født i Sør-Korea i 1980 og adoptert til Sogn og Fjordane to år seinare. Han har skrive ni bøker for barn, ungdom og vaksne.

NB! Onsdag 9. april: Fellesmøte med BUL. Studentmållaget ved UiA står for programmet. Kort presentasjon av laget. Musikkbingo.

Grunnlovsdagen 17. mai: Tale ved bysta til Jørgen Løvland.

Sundag 25. mai: Nynorsk gudsteneste i domkyrkja, med kyrkjekaffi i Mållagssalen etter gudstenesta.




Program hausten 2024 i Mållaget

Tysdag 17. september kl 19.00: Omframt årsmøte. Dessutan drøfting av arbeidet framover. Andrea Maini, piano.

Tysdag 22. oktober kl 19.00: Fellesmøte med Fagforbundet Agder. Kart og stadnamn.

Onsdag 13. november kl 19.45: Fellesmøte med BUL: Føredrag av Michael Schulte: "Runenes historie gjennom 1500 år"

Tysdag 10. desember: Jolemøte.

Vårprogrammet for Mållaget 2024:

Tysdag 23. januar: Møte med forfattaren Gunstein Bakke. Kl. 19.00.Agder-forfattaren Gunstein Bakke er frå Grendi i Bygland, og bur nå i Oslo. Han har gitt ut bøker både på nynorsk og bokmål. I Mållaget fortel han om forfattarskapen sin og les frå romanen Austalgi (2021) og diktsamlinga Overgang til menneske (2023).

Tysdag 13. februar: Årsmøte. Kl 19.00.

Onsdag 20. mars: Sammøte med BUL: Å synge våren inn. NB! Kl. 19.45.Mållaget og BUL har mykje felles og held begge til i Gyldenløvesgate 11. Vanlegvis har vi iallfall eitt møte saman i halvåret. Denne gongen feirar vi våren med eit sang-arrangement.

Tysdag 16. april: Møte med språkvitaren Kristin Fridtun. Kl 19.00. Kristin Fridtun har markert seg med spennande bøker om både språk og kjønn, og er ein populær føredragshaldar. I 2019 fekk Fridtun Språkprisen frå Norsk Språkråd, for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Utgjevingar frå seinare år er f.eks. Homoflokar (2018), Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021) og Klok kvinne eller digg dame? Eit stridsskrift om kjønn og Håvamål-omsetjing (2023).

Grunnlovsdagen 17. mai: Tale ved bysta til Jørgen Løvland. Det er tradisjon at Mållaget markerer minnesmerket over Jørgen Løvland i Wergelandsparken. Vanlegvis er talen og bekransninga ein gong midt på dagen. Nøyaktig tidspunkt kjem i 17. mai-programmet. Nytt høvet til å høyre om politikaren og målmannen Jørgen Løvland! Etterpå er det mogleg å få seg ein matbit i Gyldenløvesgate 11, der BUL har 17. mai-kafé.

Sundag 26. mai: Nynorsk gudsteneste i domkyrkja, med kyrkjekaffi i Mållagssalen. Kl 11.00 .Ein annan god tradisjon er samarbeidet med Domkirken menighet om nynorskgudsteneste i domkyrkja. Liturgien og salmene er på nynorsk. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi i Mållaget. Nytt høvet til å få med deg nynorskgudsteneste i bokmålsbyen Kristiansand!

Styret i Mållaget

Program for hausten 2023

19. september: Konsert med Bjøro Hildebrandt og Trond Arntsen kl 19.00. Inngongspengar.

17. oktober: Forfattarbesøk. Guri Sørumgård Botheim.: «Kan skjønnlitteratur påverke? Om skriving, villreinen og respekt for naturen.» Kl 19.00.

22. november: Sammøte med BUL. Turne i folkeakademiet der forfattaren Tore Kvæven kjem. NB! Kl 19.45. Inngongspengar.

5. desember: Tradisjonelt julemøte med påmelding. Kl 19.00. Nestleiaren i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre vitjar oss                                                        

Program for våren 2023

15. mars - Konsert med Geirr Lystrup. Fellesmøte med BUL kl 19:45

18. april -  Sigurd Brokke: "Vallemål.no - 20 år med ordinnsamling"  kl.19:00.

 Leiar i Norsk Mållag, Peder Lofnes Hauge, som skulle ha vore her, vil kome til hausten

17. mai - Tale ved bysta til Jørgen Løvland i Wergelandsparken ved Svein Slettan

4. juni - Nynorsk gudsteneste i domkyrkja. Deretter kyrkjekaffi i Mållaget

Program hausten 2022

Sundag 23. oktober - kyrkjekaffi på Mållaget etter gudstenesta klokka 11.00 i Domkyrkja

Tysdag 15. november klokka 19.00 - lagsmøte. Kulturjournalist Ottar Fyllingsnes held føredrag om Island, med særleg vekt på språk og litteratur

Tysdag 6. desember klokka 19.00 - Jolemøte


Neste ordinære årsmøte blir tysdag 14. februar 2023.



© 2022 Mållaget i Kristiansand
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!