MÅLLAGET I KRISTIANSAND
Mållagsmøte onsdag 9. april kl 19.45 Sammøte med BUL
Studentmållaget ved UiA har ansvar for programmet før kaffipausen.
Kort presentasjon av laget. Musikkbingo.

Forfattaren Brynjulf Jung Tjønn: EI KVIT VERD
Om oppveksten og korleis det å vere adoptert har påverka livet og forfattarskapen.
For nesten 40 tilhøyrarar i Mållagssalen denne tysdagskvelden fortalde forfattaren levande om oppveksten i Feios ved Sognefjorden og livet vidare som journalist og forfattar, busett i Oslo.
Han hadde nok heilt sidan han var liten kjent på at han var annleis, men ikkje tenkt så mykje over det. Dessutan, med allergi for gras og dyr, var han slett ikkje den odelsguten foreldra på Tjønn hadde sett føre seg. Bøker var ikkje prioritert i heimen, men fysisk hardt arbeid som måtte til for å drive ein vestlandsgard stod høgt.
Skulefaga hadde ikkje vore særleg interessante før læraren i ein norsktime i 9. klasse las diktet: "Du må ikke sove" av Arnulf Øverland. At eit menneske som var født hundre år tidlegare kunne ha skrive noko som framleis var verd å lese, gjorde djupt inntrykk.
Kanskje det å skrive var noko for han? Han gjekk heim og skreiv sitt fyrste dikt. Med strålande karakter og godord frå læraren, såg han for seg at skriving var framtida for han. Etter vidaregåande søkte han seg til journalisthøgskulen i Oslo, der ein måtte ha toppkarakterar for å kome inn.
Av dei han gjekk saman med på journalisthøgskulen, var dei berre to av seksti som hadde ein annan hudfarge. Det var ei kvit verd han møtte, både der og slik det hadde vore heime, på TV og elles gjennom reklame og annonsar. Ingen med hans hudfarge å identifisere seg med!
Direkte rasisme slik Arve Beheim Karlsen og Benjamin Hermansen vart utsette for kring tusenårsskiftet, opplevde han ikkje sjølv. Men han har ofte fått kommentarar som kanskje ikkje var vondt meint, men sårande. T.d. som nyinnflytta i Oslo: "Er du det nye avisbudet?" , eller i eige bryllaup i Risør: "Er du servitøren her?"
Jung Tjønn er ein svært aktiv forfattar og har fått fleire prisar.
Han hadde ikkje tenkt så mykje over at han kom frå Sør-Korea før han
heldt det fyrste barnet deira i armene. Såg på sonen og tenkte at det
var det einaste menneske han visste om som han var i slekt med! Seinare
har han fått tre barn til.
Boka "Kinamann" frå 2011 vart skrive etter han hadde fått oppmoding om det, men han strevde med skrivinga då. I 2022 kom "Kvit, norsk mann", ei intens forteljing om å ha annan hudfarge og alltid vere litt annleis. Hausten 2024 kom "Norsk kjærleik", også den ei diktbok, og der får han fram kor stor pris han set på foreldra og garden. Desse to bøkene er på nynorsk, og han avslutta med å lese opp frå dei. Fleire kom for å snakke med han etterpå, medan andre nytta høvet til å kjøpe med seg signerte bøker.
Etterkvart som åra har gått, har han kjent at det er ved garden og fjella ved Sognefjorden han høyrer til, og at det er godt å kunne ta med familien og reise hit i sommarferiane. Mållagsmøtet med Brynjulf Jung Tjønn var eit kveld ein vil hugse lenge. Ein trygg person som har noko
viktig å seie om haldningar i samfunnet overfor dei som er annleis.
Foto: Inga Lauvdal Tekst: Solveig Lima
Årsmøte 4. februar
Styret hadde 14 dagar før møtet sendt ut sakspapir til medlemene der dei fekk lese gjennom årsmelding og rekneskap og kome med framlegg til saker. Møtet vart leia av Hallvor Brunstad, og både innkalling, årsmelding og rekneskapen vart godkjent.
Det har vore gjort godt arbeid av styret i året spm gjekk. På det omframe årsøtet 17. september 2024 vart det løyvd 220 000 kr til Agdersatsinga. Inga Lauvdal har hatt god kontakt med Nora Tangen Aarskog, leiar i Studentmållaget, og ho har starta i jobben som reiseskrivar frå 01.01.2025.
Sidan det ikkje har vore søkarar frå Agder dei siste åra til journaliststipendet, vart det i haust i staden lyst ut stipend på UiA for studentar som skriv masteroppgåva på nynorsk. Fire søknader vart levert, og når masteroppgåva er ferdig, blir stipendet utbetalt. Kanskje kan nynorsk ved UiA bli meir i bruk no. Svein Slettan og Inga Lauvdal har gjort ein god jobb med dette.
Etter kaffipause med blautkake fekk me også dette året lytte til Maria Viken framføre dikt av Jan Magnus Bruheim, Haldis Moren Vesaas og Aslaug Låstad Lygre. Me er imponert over alt ho har "innabords" av ulike vers - og måten ho framfører det på, med innleving og klar og tydeleg røyst.
Hallvor Brunstad fortset som leiar. Med i styret er som i fjor: Inga Lauvdal, Gyro Nesland Bjørnenak, Svein Slettan og Dag Olav Hagen. 1. varamedlem, Guro Lilleby, går ut av styret. Det same gjer Trude Lindø. I staden kjem Michael Schulte inn som 1. varamedlem og Alf Holmelid som 2. varamedlem.
Underskriven protokoll vert lagt ut under ARKIV når han er klar.

Ein inspirerande kveld i Mållaget med Yngvar Andersen
Tysdag 21. januar var ein fin start på det nye året! Det var sett fram frukt, mineralvatn og litt kaffi som folk kunne forsyne seg med. Stolane som var plasserte i halvsirkel, og fleire måtte hentast fram for at dei 45 frammøtte skulle få plass.
Det var ein triveleg og trygg person som stod framfor oss på golvet. På tydeleg og godt sognamål fekk me høyre om kor stor glede det å bruke kroppen hadde gitt han. Han fortalde om ein god barndom i Fortun, Luster kommune, der han aldri tenkte på at han var mørkare i huda enn dei andre. Som 14-åring fekk han kommentarar, men han let seg ikkje knekke.
Han var svært interessert i idrett og hugsa det meste av rundetider og resultat han fekk med seg frå fjernsynet. Men han såg ikkje på seg sjølv som ein som skulle drive med idrett før ein vaksen "såg" han og kommenterte: "Du er jammen sterk i kroppen". Dette var etter eit godt kulestøyt han bare gjorde utan noka trening på førehand! Det vart ein vekkar som gjorde han godt. Det at ein vaksen verkeleg brydde seg og kom med ein slik positiv kommentar, gav han tru på at han også kunne prestere noko innan idrett.
Han fortalde at han kjente ei enorm glede ved å vere i aktivitet og bruke kroppen. Den gleda ynskte han etterkvart å formidle til andre.
På 2000-talet vart han spurt om å lage TV-progam om trening. Det sa han ja til, men då kunne han ikkje stå og formidle noko på eit språk han ikkje kjente seg heime i. Skulle han vere seg sjølv slik at sjåarane kunne tru på han, var sognedialekten det han måtte bruke. Språk og identitet høyrer saman!
Det var svært oppkvikkande med øktene "4 x 2" han tok med oss. Tidleg spurte han forsamlinga om vi var med på å reise oss og bevege oss litt. Sjølvsagt fekk han ja til det! Det var ikkje så store plassen, men moro var det, og dei to minutta dei fire gongene gjekk fort. "4 x 2" er å gjere øvingar 4 gonger 2 minutt dagleg. Det blir mange minutt i løpet av eit år, nesten 3000. Å gjere noko er betre enn ingenting!

Alle
var i godt humør då kåseriet var slutt. Møteleiaren, Guro Lilleby,
takka for det gode kåseriet med ein fin blomebukett! Ho er også frå
Luster og kjenner Yngvar Andersen. Ho hadde gjort eit svært godt førearbeid
med fin plakat og dessutan lagt arrangementet ut på Facebook.
Mange vart ståande og snakke etterpå, enten med Yngvar eller med andre dei kjente frå før.
Ein hyggeleg og fin kveld med inspirasjon til både trening og nynorsk!
Solveig Lima