MÅLLAGET I KRISTIANSAND

Triveleg jolemøte i mållagssalen tysdag 9. des.

Etter at leiaren i Mållaget i Kristiansand, Hallvor Brunstad, hadde ynskt  velkomen, starta Reidar Mosland, leiar i Christiansands Byselskab, møtet med  foredrag om tilhøva i Kristiansand på slutten av 1800-talet. 

Han la særleg vekt på kva kjøpmann Ludvig Adolf Lømsland stod for, "bøndenes kjøpmann og småfolkets venn", som han har skrive bok om.

Mosland kom inn på kor stor skilnad det var mellom dei få rike og mange fattige i byen. Ludvig Lømsland såg nauda og gav støtte til m.a. suppekjøkken i 1880-åra, arbeidde for å få vekk klasseskiljet mellom "borgarskolen" og allmueskolen, såg det fornuftige i Haugianarrørsla og var pådrivar for eit lokalt brennevinsmonopol i byen, Samlaget.

Ein god ven var Jørgen Løvland, og Lømsland hadde hjelp av han til å fremje sak i Stortinget om offentleg sjukekasse for arbeiarane. Det vart likevel ikkje vedteke i dei fyrste tiåra av 1900-talet. Men mange av argumenta vart brukt i arbeidet med utvikling av sosiale trygder fram til innføring av Folketrygda i 1967.

Eit føredrag mange sette stor pris på!

Slik tradisjonen har vore i Mållaget i mange år, vart det også denne gongen servert velsmakande pinnekjøt frå Studenten Catering. Pinnekjøt til 24 personar var bestilt, og det smaka godt.

Nynorske jolesongar høyrer med, og Jan Berg spela lett og fint på pianoet både til songane ved bordet og til gangen rundt joletreet. Triveleg at med ei slik samling i den mørke årstida!


Solveig Lima

Tekst i samband med 125-års jubileet til Mållaget

Artikkelen er trykt i Christianssands Byselskabs årsskrift nr 34-2025.

KULTURHISTORISK JUBILEUM

I Språklova §1 heiter det at offentlege organ har "eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket".

Mållaget i Kristiansand er 125 år

Ein kan verkeleg spørje seg kva som gjer at det vert skipa mållag i ein by med ei dialekt som liknar på dansk. Men dette handla om ei rørsle med djupe nasjonale kjensler. Med Grunnlova i 1814 var Noreg blitt ein fri og sjølvstendig nasjon. Det var om å gjere denne fridomen tydeleg og finne nasjonale symbol og kjennemerke. Det "ekte" norske. Det var naturleg å søke i folkekulturen, i historia og i språket.

Av Solveig Stallemo Lima og Inga Lauvdal

Kristiansandarar vil kanskje helst forbinde Mållaget i byen med Mållagsbygget ved Wergelandsparken. Mållaget er ein frivillig organisasjon med lange tradisjonar, aktivitetar, mållagsarbeid og med medlem i alle aldrar. Mållaget i Kristiansand blei 125 år den 6. september i 2025, som eitt av 170 lokallag i landet

Målreising

Vi må først attende til Noreg etter brotet med Danmark, og den nye unionen som blei skipa med Sverige. På 1800-talet kom det fram to ulike syn på å få etablert eit norsk skriftspråk som erstatta det danske (kjelde: Store norske leksikon (SNL). Eitt syn var gradvis fornorsking av dansken. Viktigaste talsmann her var Knud Knudsen (1812 - 1895). Det andre synet var å skape og utvikle eit heilt nytt skriftmål bygd på dei norske dialektane. Det er her Ivar Aasen (1813 – 1896) kjem inn i biletet. Han ville undersøkje om dei norske dialektane kunne brukast som grunnlag for norsk skriftmål.

Jamstellingsvedtak

Jamstellingsvedtaket i Stortinget 1885 var ein viktig milepæl. Det vart vedteke å "sidestille det norske Folkesprog" med "de almindelige Skrift- og Bogsprog". Det som i dag er nynorsk og bokmål. Stortingsmennene Lars Liestøl frå Bygland og Jørgen Løvland frå Evje var i 1886 dei fyrste til å skrive komitéinnstillingar på landsmål/nynorsk.

Lokale mållag

Tanken om å skipe mållag, var det fleire som brann for. Pressa i Agder var på den tida positiv. Anders Grindland frå Finsland, redaktør i Fædrelandsvennen, skreiv saman med redaktøren i avisa Agder, Thomas Torsvik, under på opprop om å starte mållag alt i 1899.

Dei som skipa Mållaget i Kristiansand i september 1900, var alle skulefolk. Første leiaren i Kristiansand var lærar Olav Homme, som året etter vart avløyst av skuledirektør Matias Skard. Dei første fem åra var folk mest opptekne av unionssaka, og mållaget hadde lite økonomisk kraft til å drive målarbeid.

Venstremannen Anders Grindland frå Finsland var redaktør i Fædrelandsvennen i Kristiansand frå 1886 til 1911, og skreiv under på eit opprop for mållag.

Lagsdrift og økonomi

Etter at unionen med Sverige vart løyst opp i 1905, kjem det nytt liv i laget i Kristiansand då tanken om ei kaffistove kjem opp. Ei samkøyring mellom mållag og lagsdrift hadde gitt gode resultat i dei større byane. Kaffistova skulle vere ein naturleg møtestad der landsfolk kunne treffe kjenningar i eit heimleg miljø og samstundes gje økonomisk grunnlag for måltiltak. Eit innbydingsskrift vart sendt ut. Folk kunne kjøpe ein lut (andel) for 10 kr, og målet om å få inn 2000 kr til kaffistove var snart oppfylt, og ein kunne opne «Gamlestova» på hjørnet av Kirkegata/Dronningensgate 13. Frå no av var det 10-12 styre- og lagsmøte i året, og det vart gjort vedtak om eigne lover, «Lover for maallaget i Kristiansand.» I alt 10 paragrafar, der §1 tek føre seg «Tanken med laget er aa samla maalvener ....og serleg å stÿdja og stÿrkja landsfødd ungdom til aa halda paa det heimlege i høvd og heider».

På lagsmøta var det foredrag, opplesing, song og musikk og skodespel framførde av lagsfolk. Dessutan var det folkevisedans. Hulda Garborg heldt danseskeid i 1910. Kjende talarar desse åra var til dømes statsråd Jørgen Løvland, Hans Seland og Peter Hognestad. Dessutan gjesta kunstmålaren Lars Osa frå Sunnfjord laget, og det var han som laga utkast til fana til laget i Kristiansand. Fana vart innvigd 17. mai 1914. Etter song og tale i Totalen, samla målfolka seg på gata utanfor under fana, og marsjerte til Torget. Året etter hadde målfolket «eit synlegt samlingsmerke», då fana vart teken i bruk i borgartoget. 

17. mai 1914 vart fana innvigd, den som kunstmålar Osa frå Sunnfjord hadde tekna.

Det vart kjøpt ei kaffistove til i Markensgate 37 i 1910. Etter første verdskrig gjekk overskotet på forretningsdrifta for desse to kaffistovene til dei som leid naud. Overskotet var på 7000 kroner. I 1915 var styret så framsynt at mållaget skaut inn 15 000 kr i LL Handelslaget, hjørnehuset Kirkegata/Gyldenløvesgate 11, der noverande bygning ligg. Det var dårlege tider for handelslaget i åra framover, og i 1928 overtok Mållaget heile bygningen.

Med eige hus kunne dei no få eigen møtesal og kafé og leige ut til to butikkar. I Agder Tidend 5.12.1928 kan vi i samband med opningsfesten for bygningen lese: «Og paa veggene lyste store bilete av Ivar Aasen, Aasmund Vinje, Arne Garborg og Per Sivle. Maallaget si vakre fana med den manande innskrifti var planta millom norskdomsfederne»

Noko av det viktigaste målreisingarbeidet desse åra var hjelp til nynorsk presse og boksamling. Norsk Barneblad fekk støtte, Det samme gjorde Det norske samlags barnebibliotek og (prentekostnadene) trykkekostnadene for Blix-salmar. Styret hadde eit ope syn for kulturtiltak som støtta opplysingsarbeid, boksamlingar og turneteateret «Det norske spellaget». Hulda Garborg tok initiativ til Spellaget som er grunnlaget for Det Norske Teateret. Mållaget i Kristiansand er framleis luteigar i Det Norske Teateret. Teateret hadde faktisk si fyrste framsyning i januar 1913 i Kristiansand.

Mållaget 1940-1945

Eigedomen til Mållaget låg i skotlina då tyskarane invaderte Noreg og Kristiansand 9. april 1940, og det vart granatrispar og hol fleire stader i bygningen. Verre var skadane på folk i distriktet. Det vart difor vedteke på styremøtet 17.9.1940 å bruke 10 000 kr til stønad for folk som hadde lidd skade ved krigshandlingar. Desse pengane var opprinneleg avsette til aktivt luftvern i Kristiansand.

Formannen Sigurd Aamlid vart saman med heile styret attvalde på årsmøtet året etter. Dei hadde vore i fred for innblanding frå nazistane, men ein av lagsmedlemene var medlem i NS. Han fekk fleire nazistar til å melde seg inn i Mållaget, noko som skapte uro. Nazistane kravde å få med ein av sine i styret, noko styret nekta. Det kom også krav om å få bruke Mållagssalen, men styret kom unna med å leige ut salen til folkeskulen.

På årsmøtet i 1942 var det venta kupp. Tre styremedlem blei fengsla på møtedagen. Men nazistane møtte heller ikkje fram, takk vere at kulturministeren den dagen tala i byen. Formann og styre vart attvald. Men 13. juli kom det bod frå landsleiaren i det nazifiserte Noregs Mållag, om at dei tre var løyste frå omboda sine og nazistar sett inn i staden. Eit meisterleg forma brev frå varaformann og kasserar vart sendt tilbake, og laget høyrde ikkje meir. Også på årsmøtet i 1943 vart styret attvald. Men vinteren 1944 kom det nye krav. Styret skulle avsetjast «fordi det ikkje hadde vareteke lagets interesser» fullgodt, men dette skjedde ikkje utan strid, og sakførar Arnar Grindland var god juridisk hjelp heile tida.

Etter innkalling til politiet og trugsmål frå politimeisteren, gav formannen, Sigurd Aamlid frå seg bøkene til laget, men med eit kvast motmæle i møteboka. 22. juni 1944 vart det dermed nazistisk styre i laget. Dei som arbeidde i Matstova sa opp. Dei vart truga med fengsel, men stod fast. Matstova måtte stenge. Det vart sendt ut krav om årspengar, men bare nazimedlemene betalte.

8. mai 1945 sperra den lovleg valde formannen i laget kontoen i banken, og saman med ein i styret stengde dei Matstova. Fyrste lagsmøte etter krigen vart halden 28.mai 1945.

Meir om Mållagsbygget

Rett etter Andre verdskrig var det liten aktivitet. Tanken om nytt hus tok form, men det var vanskeleg å få byggeløyve. Det gjekk til slutt gjennom i 1968, men då med tre høgder, men den tredje høgda måtte vere trekt innover. Året etter var banklånet i orden og arbeidet kunne take til. Då kom det fram i kommunen at dei mangla hus til Helserådet. Kommunen var interessert i å leige i bygget, men måtte ha meir plass, slik vart det både ein fjerde og femte etasje. Det var arkitektane Sannes og Steen som teikna bygget.

Huset stod ferdig 15. mai 1971. 17. mai dette året vart kafeteriaen «Nellas hus» opna. Det er oppkalling etter ei av dei mange seljarkonene i byen, Petronella Torjusdotter, som i 1880-åra sat på trappa på hjørnet av Kirkegate/Gyldenløvesgate og selde frukt og bakverk. Ho døydde som fattig enke 80 år gammal. Nellas hus hadde store vindauge med godt utsyn mot Torget, og det var ein populær kafé både for landsfolk og byfolk!

Tre ulike forretningar heldt til i første høgda. Helserådet leigde resten. Politiet kom inn seinare. Etter den nye bygningen stod ferdig i 1971, kunne Mållaget flytte inn i fine lokalar e med stort kjøkken, festsal og salong. Salongen var den faste møtestaden for lagsmøta.

På 80-talet fekk Mållaget eige forretningsstyre for å ta seg av utleiga. Dei fyrste åra gjekk kafédrifta godt, men etter kvart vart det stort underskot, og drifta vart avvikla i 1998-99. Noko måtte gjerast: Enten selje heile bygningen, eller få inn ny medeigar og nye leigetakarar.

Takka vere gode pådrivarar

Oddmund Viken, leiar i laget og forretningsstyret i mange år, blei ein sentral person i dette arbeidet. Oddmund Viken, vestlending og lektor, flytta/kom til byen. Han og kona, Maria, melde seg raskt inn i Mållaget. Då Viken vart pensjonist, vart han det ein i dag omtalar som «dagleg leiar» i forretningsdrifta. Oddmund hadde godt samarbeid med ein annan vestlending, Olav Molland, som var bankmann og engasjert i bondeungdomslaget BUL, som på den tida måtte sjå seg om etter nytt hus. Det vart til at BUL Kristiansand fekk kjøpe heile andre høgda for kr 4,5 mill. Mållaget og BUL skipa då Gyldenløvesgate 11 Sameige i 2000. Mållaget åtte 68 % av bygget og BUL 32 %.

Samarbeidet mellom målfolk og ungdomslagsfolk i Sameiget gjekk godt, men for å gjere samarbeidet med drifta enklare, vart drifta organisert som eit aksjeselskap i 2013, slik at det vart eitt styre med ansvar for heile bygget.

Heidersmedlem: Maria og Oddmund Viken i 2009 og Olav Molland i 2010.

Kunsten

Mållaget har kjøpt mykje kunst av Else Marie Jakobsen og Grete Helland Hansen Nasch. Blant keramikk-kunsten av Grete HH Nasch er ei keramikkplate på 137 cm x 88 cm med dikt av Paal Helge Haugen. I biletteppa til Else Marie Jakobsen har ho vove inn Ivar Aasen og Aasmund Olavson Vinje. Kråskåpet, og eit stort veggur og bilete fekk plass i den "nye" salen, likeins møblar i tre, sofabenk med utskoren rygg og eit flott langbord med åtte stolar. Bilete i staselege rammer av fleire av føregangsmennene for målrørsla, som Aasen, Vinje, Garborg og Sivle.

Kunst: Dei lokale kunstnarane Grete HH Nasch og Else Marie Jakobsen har skapt viktig kunst knytta til målsaka. Jakobsen med både Vinje og Garborg innvevde.

Aktivitetar i mållaget

Bygg, forretningsdrift, god økonomi er på plass. Det viktigaste er likevel medlemma som skapar aktivitet, engasjement og rekruttering av medlemmer som ser verdien av dialekt- og nynorskarbeidet.

Det er medlem av Mållaget som held talen ved bysta til Jørgen Løvland i Wergelandsparken 17. mai. Eit synleg tiltak i byen. Mållaget tek og ansvar for kyrkekaffi ein søndag i mai etter nynorsk gudsteneste i Domkyrkja. Denne tradisjonen starta i 2010 då Domkyrkja vart 125 år. Den fyrste tida etter at Mållaget i Kristiansand vart stifta, var fleire teologar ihuga målmenneske, mellom anna biskop Bernt Støylen. Ein kuriositet er at Agder Bispedømmeråd har sitt hovudsete i mållagsbygget i dag (2025).

Laget har og tilsett ein reiseskrivar i Agder. Kristiansand er det laget som har best «økonomiske musklar» i Agder, og har som mål å bidra til auka forståing for dialekt og nynorsk i heile Agder. Ei ressursgruppe med representantar frå fylkeslag i Agder og lokallaget har ansvar for å følge opp dette arbeidet.

Mållaget har kjøpt bøker til skular og barnehagar i Kristiansand i mange år. Nokre vart gjevne som gåver til skuleklassar, nokre er med i ei utlånsordning. Skuleklassar får framleis gratis klassesett av Norsk Barneblad. Mållaget betalar og abonnement på avisa Dag og Tid til vidaregåande skuler.

Stipend til ungdom.

I 2008 vart det lyst ut journaliststipend på 10 000 kr for ungdom frå Agder som skreiv nynorsk. Dei fyrste åra var det fleire frå Agder som søkte. Dei fleste fekk innvilga søknaden i tre år, og hadde dessutan høve til å søke om læreplass på Nynorsk pressekontor. Ingen frå Agder har søkt journaliststipend dei siste åra. No lyser styret ut mastergradstipend lokalt i staden. Studentar ved UiA og høgskular i Agder som skriv mastergraden på nynorsk, har høve til få stipend opp til 10 000 når arbeidet er levert. Førebels er det god respons på dette.

Det er om lag åtte kulturkveldar/lagskveldar i året. Det er ofte foredrag om språk og stoda for nynorsken, gjerne med musikkinnslag i tillegg. Forfattarbesøk er populært, og laget har hatt besøk av fleire kjente forfattarar. To gonger i året er det fellesmøte med Bul.

I jubileumsåret 2025 blei det mellom anna lyst ut ein konkurranse til vidaregåande skuler om å skrive mikrotekstar (SMS format). Ein jury premierte dei beste.

125 år blei også markert med besøk av leiar i Noregs Mållag, Peder Lofsnes Hauge og forfattar Paal-Helge Haugen.

Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, gav også eit inspirerande og godt føredrag. Med ei klår og tydeleg røyst kom han inn på at sjølv om det no på mange måtar er lettare å vere nynorskbrukar enn tidlegare, kan ein ikkje slå seg til ro med det. Han gledde seg over medlemsauken i NM, over 16 000 medlemer no. Han gav ros til alle lokallaga som stod på stand, delte ut brosjyrar, klistremerke og i det heile gjorde nynorsken synleg.

Med valresultatet til Stortinget frå i haust, ser det heldigvis ser det ut til at sidemålsordninga er sikra.

Heidersmedlenene Olav Molland, Maria Viken og Solveig Lima vart påskjøna med ein fin tulipanbukett til kvar.

Kaffi og blautkake stod sist på programmet. Alle fekk sitjeplass, men meir dekketøy måtte hentast. Styret hadde rekna med 30-40 kanskje kom til å kome, men det var nok over 50. Svært gledeleg!

Under og etter kaffien var det boksal.

Eva Albert, styreleiar i Vågsbygd Vel, stod for salet. Mange nytta høvet til å kjøpe boka med tekster av Paal-Helge Haugen: Eventyret i Olavsdalen. Det var ho som tok initiativet til at boka vart laga.

Hadde det ikkje vore for henne, hadde det ikkje vorte bok og heller ikkje kulturarrangement i Olavsdalen frå 1999 til 2014.


Eit flott jubileumsmøte i Mållaget 11. november

Svært mange kom til markeringa av «125-åringen» Mållaget. Ei uhøgtideleg og positiv stemning heile tida, dyktig leia av nestleiar Inga Lauvdal. Nynorske songar høyrer med. Etter velkomstord frå Inga, vart romet fylt med song frå salen til pianospelet av Jan Berg. 

Solveig Lima gjekk kort gjennom historia til Mållaget. Ho kunne fortelje at kafedrift har vore viktig for å få pengar til målarbeidet. Kaffistova i Kirkegata 13 vart opna i 1906. Løyvingar for å fremje nynorsk kultur var viktig målarbeid. M.a. fekk aviser, bøker og teater støtte. Spesielt kan nemnast Hulda Garborg med "Det Norske Spellaget" som var forløparen til Det Norske Teater. Til slutt nemnde ho at BUL og Mållaget har gått saman i eit aksjeselskap og eig denne fine bygningen og den flotte salen saman.

Forfattaren Paal-Helge Haugen heldt eit glimrande nyskrive innlegg, lyrisk og samstundes innhaldsrikt. Han kom inn på Dante frå 12-1300 talet, men også forfattarar frå vår tid. Språket utviklar seg, og nynorsk i vår tid er ikkje likt med det som blei tala og skrive for over 100 år sidan. All ære til nynorsk litteratur som er med og tek vare på språket vårt!

Han avslutta med diktet «Rondo for ein skugge», som vart til i godt samarbeid med Arne Nordheim. Verket vart urframført på Milleniums-konserten i Olavsdalen søndag 30. juli 2000.


Yngvil Molaug Haugen og Sylfest Lomheim svært opptekne, medan Hege Haugen ser ut til storkose seg over det ho høyrer.

Praten gjekk i det heile livleg rundt borda, og lydnivået var ofte ganske høgt.

Inga Lauvdal, Peder Lofnes Hauge og Paal-Helge Haugen. Keramikktavla av Grete Nash i bakgrunnen.

Grete Helland-Hansen Nash hadde eit svært godt samarbeid med Paal-Helge Haugen, og han skreiv eit dikt om ord som ho har teikna inn. Bilete av keramikktavla og diktet finn de under menyen Arkiv 2025

Etter nærare tre timar var det på tide for dei fleste å trekke heimover, godt nøgde etter ei svært triveleg samkome.

Møte med forfattaren Olaug Nilssen 28.10.

Det var eit gripande møte der forfattaren fortalde om seg sjølv og kva det inneber å vere mor til eit funksjonshemma barn.

Ho hadde teke med seg dei tre bøkene i triologien om emnet. Den fyrste boka Tung tids tale (2017) er sjølvbiografi, men det blei for sterkt og kom for nært å skrive meir sjølvbiografisk. Difor endrar ho namn og situasjonar i dei to siste bøkene: Yt etter evne få etter behov (2020)og Uønskt åtferd (2023).

Skrive måtte ho, både for eigen del og til hjelp for andre. Mange, særleg mødre, blir fullstendig utslitne og trur i det lengste at dei skal greie det, men «møter veggen».

Foredraget hennar handla mest om den fyrste boka og endringa som skjedde med den kvikke guten deira. Om korleis dei streva med å innsjå at barnet som verka intelligent, hadde godt språkøyre og normal fysisk utvikling dei fyrste to-tre åra, kunne feila noko. Det var utruleg vanskeleg å godta diagnosen autisme med psykisk utviklingshemming, og i møtet med fagfolk kjente ho lita forståing. Det er ikkje bare barnet som treng hjelp, men heile familien. Ho var mange gonger rasande under desse møta.

Tekst ho fann trøyst i og las mykje, var dikta til Halldis Moren Vesaas. Tittelen Tung tids tale er henta frå ei av diktsamlingane hennar.

Forfattaren las noko frå bøkene og synte også bilete frå barndommen til guten. Talande bilete som synte ein gut ho er svært glad i, og som innimellom glimta til med noko ho tolka som uttrykk for kommunikasjon. Åra har gått. Han er blitt ein fin ungdom, og ho er glad for han har funne seg til rette på institusjonen han bur på.

Etter eit foredrag som gjorde djupt inntrykk, var det fleire som tok ordet og fortalde om opplevingar dei hadde hatt i nær familie eller på skule. Tidene har endra seg, og no er det heldigvis meir aksept i samfunnet for eit barn med funksjonshemming.

Vi var bare om lag 20 til stades, men for dei som ynskjer å få meir kjennskap til Olaug Nilssen, har folkebiblioteket fleire bøker. Dei kan sterkt anbefalast!

Foto: Inga Lauvdal       Teskt: Solveig Lima

 24.9.:VidarFrøysnes med song og spel: "Hallvardsons reise" 

Hallvard er far hans, og han fortalde om ein oppvekst prega av folkemusikk. Fyrste munnharpa fekk han då han var fire år. Ulike munnharper vart synt, ei svært gamal, og han forklarte korleis lyden var laga. Denne delen av programmet vart avslutta den dramatiske forteljinga om Sigurd Eivindson Sordal og med slåtten "Sordølen" på munnharpe. Ein såg føre seg når han rømte på hest etter drapet på jenta.

Gitarspeling begynte i 10-årsalderen då mor hans gjekk på gitarkurs. Han vart tidleg inspirert av amerikansk country og Hank Williams og kjende seg heime i desse låtane. Innhaldet likna på innhaldet i Setesdalssteva. No hadde han skifta av seg jakka og hatten som høyrde til setesdalsbunaden og spelte i t-skjorte og ein hatt som passa til musikken han no framførte.

Ein annan countrymusikar vart han godt kjent med, Kris Kristofferson, og han har omsett og framført fleire av songane hans. Det er så mykje bra i denne musikken. Ein må godta og ha respekt for alle menneske, same kva livet har ført med seg for dei. 

Vidar Frøysnes har ei fantastisk god songrøyst, og framførte song og spel med heile seg! Han spelar framleis i fleire band, sjølv om han dette året er 70! Imponerte stort med avslutninga då han vart klappa fram igjen og avslutta med "Stiv og støl". Han hadde då reist seg frå stolen og spratt att og fram med gitaren medan han song!

Mållaget var saman med BUL om arrangementet, og det var støtta av Folkeakademiet. 

Solveig Lima

Nynorsken på Agder i dag - ungdom og studentmållaget.

Av Nora Tangen, reiseskrivar og leiar i studentmållaget, UiA

På Agder er det i grunnskulen per 2025 litt over 1300 elevar som har nynorsk som hovudmål, då særleg i dei indre strøka av fylket. Blant desse er det fleire som flyttar på hybel når dei byrjar på vidaregåande skule, fordi det nemleg ikkje finst særleg mange vidaregåande skular i området. Ein ser ein tendens til at når elevar med nynorsk bakgrunn frå ungdomsskulen flyttar til meir sentrale område med bokmål i skulen, byter dei hovudmål frå nynorsk til bokmål. Denne endringa handlar om at bokmål er det ein vert vande med å sjå, og det vert difor eit enkelt val. Det er òg fleire unge som ikkje tek eit aktivt val med å endra hovudmålet sitt, men det hender automatisk når ein kjem til den vidaregåande skulen, utan at ein legg merke til det.

Når elevane skal verta til studentar kjem dei gjerne til Kristiansand eller Grimstad for å studera på UiA. Dei elevane som har vore flinke til å halda på nynorsk som sitt hovudmål vil sjå at det òg på universitet er utfordrande å halda på han. Den mest synlege, dessutan gjentakande mangelen på nynorsk på universitetet, er at mange ikkje får eksamen på målet sitt. Om ein aktivt har valt nynorsk på førehand, hender det stadig at ein likevel berre får eksamensoppgåva på bokmål. Norsk Målungdom har ein portal på nettsida si, der ein kan klaga på mangel av eksamensoppgåve på nynorsk. Grunnen til at dette ikkje vert betra, er at det ikkje finst noka reell «straff» for institusjonane som bryt Språklova. Språkrådet kan gje åtvaringar, men har ikkje makt til å bøteleggja nokon.

I paragraf 13 i Språklova heiter det at «sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument». Då UiA skulle til Språkrådet rapportera om bruken av nynorsk og bokmål i 2022, viste deg seg at universitetet i svært liten grad brukte nynorsk på nettsider, dokument og i sosiale medium. Dei fleste digitale skjema og sjølvbeteningsløysingar fanst båe på nynorsk og bokmål, men fem fanst berre på bokmål. Dette vil seia at UiA bryt Språklova.

Leiinga på UiA si haldning til nynorsk er generelt dårleg. I 2018 gav Forskerforum ut ein artikkel der det står at UiA sende brev til Kunnskapsdepartementet for å be dei vurdera å la UiA sleppa Språklova. Grunnen var fordi universitetet vert meir og meir internasjonalt, og det å skriva på tre språk – engelsk, bokmål og nynorsk, ville vera for ressurskrevjande. I tillegg hadde UiA i fleire år unngått å senda inn rapport om bruken av nynorsk og bokmål. Heldigvis er dei vortne betre på det no.

Likevel kan det verta betre og enklare å vera nynorskstudent på UiA, takk vera Studentmållaget i Agder. SmiA er per dags dato det einaste aktive lokallaget under Norsk Målungdom på Agder. Laget vart skipa i 2010 og oppattskipa hausten 2023, etter å ha vore inaktivt sidan starten på koronaperioden i byrjinga av 2020. I styret sit Nora Tangen Aarskog (leiar), Tora Fosså Salte (nestleiar), Ådne Kjellevand Vigemyr (kasserar), Malin Saug (styremedlem), Lucas Pappas (s.m.), Kaia Røyrvik Olderkjær (s.m.).

Per juni 2025 har Studentmållaget i Agder totalt 49 medlemmar. Av desse er 34 teljande, d.v.s. under 26 år. Dei som er over 26 år tel difor som støttemedlemmar, og bør ikkje sitja i styret. Likevel vert dei invitert med på dei same tilskipingane som resten. I januar 2024 runda SmiA 30 medlemmar. Det vil seia at laget sitt medlemstal har auka med nesten 40% på 1 ½ år.

Det vert òg stadig meir aktivitet i SmiA. Styret prøver å møtast kvar, om ikkje annan kvar, månad. Målet er at det skal vera éi tilskiping / eitt medlemsmøte i månaden. Allereie byrjar laget å skapa tradisjonar. Hausten 2024 vart det heldt gravøl for Ivar Aasen, etter tradisjon frå SmiA før korona. Då kom det 17 stk., som er det beste oppmøtet etter oppattskipinga. Sommaravslutning er òg vorte ein tradisjon. I juni 2024 drog 7 stk. frå SmiA til Oslo for å sjå «Spynorsk. The Musical.», medan i juni 2025 drog 8 medlemmar på hyttetur til Rysstad i Setesdal, der Sigurd Brokke heldt munnharpekurs, og det vart omvising på Rygnestadtunet. I desember 2024 hadde det nye SmiA sitt fyrste julebord. Der vart det innført ein ny tradisjon, nemleg «Årets medlem». Denne tittelen vert gjeven til den medlemmen som har vist mest interesse for laget, dessutan «hjelpt» styret mest i året som var. I 2024 gjekk prisen til Kaia Røyrvik Olderkjær, som eit par månadar seinare vart styremedlem sjølv.

Studentmållaget i Agder hatt fått eit tett samarbeid med Mållaget i Kristiansand. I april 2025 hadde laga, saman med BUL, ein kulturkveld i Gyldenløvesgate 11. SmiA stod for programmet. Det vart live musikkviss ved tre studentar på UiA, dessutan heldt Nora Tangen Aarskog ei kort innleiing om korleis det er å vera nynorskstudent på UiA. Det er òg verdt å nemna at somme aktive medlemmar i SmiA kom sigande frå BUL. Det kan sjå ut til at gleda for nynorsk og folkedans gjerne går litt hand i hand.

Mikrotekstkonkurransen i vgs.

For å fremje interessen for nynorsk og få elevane i vgs til å bruke språket meir i tekst, lyste Mållaget også dette ut konkurranse i mikrotekst om venskap. Frist for innsending var i slutten av mai, og to skular sende inn tekstar.  Pengepremie er på tilsaman 5000 kr for 1. 2. og 3. plass + diplom, og det er eigen jury som les og avgjer.

Her kjem nokre tekstar frå mikrotekstkonkurransen :

Vennskap er ikkje kor ofte ein sest, men at ein veit kven som blir når alt raknar. Ei melding, eit blikk, eit lite "eg er hær" - det er nok.
Gode venner er som stjerner. Dei viser veg og lyser den opp i mørket. Vener er ikkje alltid synlege i ein travel kvardag, men som stjerner på himmelen, veit vi at dei alltid er der. Dei minner oss om evige bånd, gir oss håp, og påminner oss at vi aldri er aleine.

Venskap er ein veldig viktig del av livet, og absolutt alle treng venskap. I eit venskap deler ein både gode og dårlege stunder, men det ekte venskap handlar om er å vere der for kvarandre og oppmuntre kvarandre. Gode vener gir oss tryggleik og vil det beste for oss, og venskap kan skape minner for resten av livet. Alt i alt er det dette som gir oss lukka her i livet, for absolutt alle treng ein ven!

Eg er forelska i min alle bestevenn sin bror. Vi er naboar og eg er nesten alltid hos dei. Eg vil ikkje vera heime. Eg vil ikkje treffe pappa. Lukas er eit år eldre enn oss og uheldigvis søstera til Alva, min bestevenn. Ho hadde aldri akseptert det. Problemet er berre at han elskar meg også. Eg klatra gjennom vindauget hans. Vi satt i senga å høyrte på musikk. Alva kom inn. Ho skulle spør om å skru ned lyden. Ho ser på meg og ein kan sjå på heile ho kva ho tenkte om det. Shit.
Venskap er ei psykologisk nødvendigheit. Ekte venskap handlar om meir enn å berre vera saman, det handlar om identitet og tryggleik. Det handlar om å gå gjennom livet utan å kjenna seg uviktig. I ei verd full av utfordringar, er venskap noko av det mest verdifulle me kan ha. 


Ein god ven er vanskelegare å finne enn ein million. Ein god ven kan hjelpe ein også meir enn ein million. Ein god ven kan støtte deg i alle situasjonar, men ein million kan det ikkje.Venskap er ikkje alltid store ord eller lange samtalar. Det kan vere eit nikk, eit blikk, eller stillheit utan at noko treng å seiast. Nokon du kan vere heilt deg sjølv saman med, utan å kjenne deg feil eller som for mykje.

Ein ven er den som lyttar når du treng det mest. Som veit når dei skal seie noko og når dei berre skal vere der. Dei kjenner deg, ikkje berre på utsida, men på innsida. Veit kva slags humor du har. Kva som får deg til å le. Kva som gjer deg trist.
Ekte venskap treng tid, ærlege og vilje. Det handlar om å glede kvarandre, trøyste kvarandre, å halde ut saman gjennom vondt, og å glede seg saman når det går godt.
Gode vener forsvinn ikkje når det går skeis. Dei blir ståande, sjølv om det er vanskeleg. Og dei kjem alltid tilbake, sjølv om vegen er lang. Nokre venskap varer heile livet, andre berre ei stund. Men alle set spor, og formar deg.

Ein ven er ein du møter kvar dag, eller ein du ser sjeldan, men alltid finn tonen med. Nokon som minner deg på kven du er, når du sjølv gløymer det.
Det er akkurat det som gjer venskap så verdifullt, at det er ekte, også når alt anna kjennes galt. 
Med nokre er eg ein annan. Eg hugsar når eg skal smile, nikke og le, som eit kostyme eg alltid må ta med.
Men med deg er det aldri eit skodespel, berre ekte latter som gjer meg heil. 

Eg tek gjerne på meg maska du vil ha,
men venskap for meg er når ho er av. 

Me er som skyer. Så ulike, men likevel dei same. Me kranglar, gret og ler saman. Nokon som alltid er til stede. Bandet som er like stekt sjølv kor me er på himmelen. 

Ei hand å halde i, eit smil å smile til, ei skulder å gråte på er ein ven å stole på.
Eg sat på trappa ved huset. Det var kaldt. Det var tomt. Ein kropp, eit hovud, to sjeler og fleire minner. Eit lys som saknast i mørket. Ein latter for lite. Eg er ikkje aleine, men stillheten er tyngre no. Ei mørk natt, men stjernene lyser sterkare enn før. 


Stipendutdeling våren 2025

Sidan 2008 har Mållaget i Kristiansand lyst ut stipend på 10 000 kr for journaliststudentar frå Agder, men det har vore få frå Agder som har søkt. Sidan det har vore mange gode søknader, er stipend likevel delt ut til studentar frå andre stader i landet. I år vart det delt ut til Svanhild Bøe frå Voss for studieåret 2024/25. Ho har bestått ei bachelorgrad i journalistikk ved Universitetet i Bergen med svært bra resultat. 

Styret vedtok difor hausten 2024 å heller satse på studentar i Agder som ville bruke nynorsk i mastergradsoppgåver. Stipendet er framleis på 10 000 kr for studieåret og vert utdelt når masteroppgåva er godkjent. To studentar ved UiA har levert godkjente masteroppgåver, begge i samfunnskunnskap. Martin Fjelde skreiv oppgåva: Kampen om sympati "Ein kritisk diskursanalyse av Dagen og Klassekampen sin representasjon av sjuande oktober og krigen på Gaza".  Ulrik Vikestad Thorsen : Masteroppgåve i Samfunnsplanlegging, stad og prosess "Sosiale fellesskap og korleis vi kan få dei til." 

Styret meiner der er svært bra at studentar får ein ekstra "dytt" til å bruke nynorsk i skrift og vil halde fram med dette.

Kyrkjekaffi i BUL-og Mållagssalen sundag 25. mai

Samarbeidet mellom Domkirken i Kristiansand og Mållaget starta i 2010, og har no vorte ein tradisjon. 

Også i år var det soknepresten, Aud Sunde Smemo som heldt ei god preike. Å bruke mange ord når ein ber, er ikkje naudsynt, og det er det heller ikkje i møte med andre menneske. Å vere ein god lyttar er viktig og kan hjelpe mange. Emnet for denne sundagen i kyrkjeåret, 6. sundag etter påske, var bøn.

All liturgien var på nynorsk og berre nynorske salmar vart brukt. 

Eit fint musikalsk innslag hadde BUL-koret med fleire songar både før og etter preika.

Etter gudstenesta var det som vanleg kyrkjekaffi i BUL- og Mållagssalen. Her venta eit godt kakebord og kaffi, og svært mange, om lag 70-80, kom hit. 

Kjellaug Kvalsvik leia samkoma på ein fin måte. Ho starta med korleis Mållaget "feira" 40 årsjubileet i september 1940. Då var det ålvor og lite fest, men likevel godt å kome  saman!

Det vart også opplyst om haustprogrammet. 11. nov. er det lagsmøte. Mållaget kan i år feire 125 års jubileum, og dette vert markert den kvelden.  Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, er invitert, og han vil kome. Jolemøtet blir 9. des. Mållaget skriv ein artikkel til Årsskriftet for Christianssands Byselskap, og denne kan då presenterast. Leiaren i Byselskapet, Reidar Mosland, vert invitert.

Haustprogrammet er ikkje ferdig enno, og det vert lagt ut på heimsida når det er klart.


Solveig Lima


Minnetale og kransnedlegging 17. mai ved bysta til Jørgen Løvland

Nora Tangen Aarskog, leiar i Studentmållaget på UiA og reiseskrivar for Mållaga på Agder, heldt talen dette året. Flott å sjå ein ungdom ved mikrofonen, og ei som gledde seg over å få lov til dette. 

Det var svært god framføring av minnetalen over stortingsmann og målmann Jørgen Løvlands liv og arbeid. I unionen mellom Noreg og Sverige frå 1814 leia Løvland den norske statsministerdelegasjonene i Stockholm frå 11. mars til 7. juni 1905. Han vart seinare same året den fyrste utanriksministeren etter unionsoppløysinga.

Ho peika også på jamstellingsvedtaket som Stortinget gjorde i 1885: «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.». Løvland var svært bevisst på å bruke  landsmålet, eller nynorsk som det heiter no, eit mål me er stolte av.

Ho avslutta med at det er godt å oppleve at me kan gle oss over fridomen i dag, godt å få gle seg over livet, men samstundes vite at dette ikkje er sjølvsagt. 

"Og som fedres kamp har hevet
det av nød til seir,
også vi, når det blir krevet,
for dets fred slår leir"

 Ei fin markering i Wergelandsparken i det fine veret og ekstra stemning  med Postorkesteret som spela både før og etter talen


Solveig Lima

Kulturkveld med SMiA, studentmållaget,   i BUL-Mållagssalen

Nora Tangen Aarskog starta kvelden med innlegget: "Korleis er det å vera nynorskstudent på UiA?" Ho er reiseskrivar i Mållaga på Agder og leiar av Studentmållaget i Agder (SMiA)

Det var ei klår og god framføring om korleis stoda er for nynorskstudentar på UiA. Ho kom med døme på at det å skrive eksamenoppgåver på nynorsk var vanskeleg, for leiinga såg ikkje verdien av ekstraarbeidet. Det fekk halde med bokmål og engelsk! Men mange av lærarane er positive, og det er bra.  Ho fortalde vidare at i år er det eit lyspunkt med masterstipend for dei som leverer masteroppgåver på nynorsk. Mållaget i Kristiansand tok initiativet til dette hausten 2024.

Publikum vart ikkje møtt av stolrekker denne gongen, men med 4-5 bord som var plassert der i staden. Det var klargjering for musikk-kvissen etter foredraget. Nora hadde fått tre musikkstudentar til å lage musikk-kviss for dei frammøtte. Alt var godt førebudd, og det var utruleg flinke musikkstudentar som spelte og song.

Kvar gruppe hadde med ein student, og det var heilt naudsynt for å få poeng, viste det seg. Blant publikum var det svært få som visste kva studentane framførte.

Men det var ein skikkeleg triveleg kveld. Svært bra at så mange ungdomar kom og skapte god stemning, både i kaffipausen og med dansen etterpå.



Solveig Lima

Forfattaren Brynjulf Jung Tjønn: EI KVIT VERD

Om oppveksten og korleis det å vere adoptert har påverka livet og forfattarskapen.

For nesten 40 tilhøyrarar i Mållagssalen denne tysdagskvelden fortalde forfattaren levande om oppveksten i Feios ved Sognefjorden og livet vidare som journalist og forfattar, busett i Oslo.

Han hadde nok heilt sidan han var liten kjent på at han var annleis, men ikkje tenkt så mykje over det. Dessutan, med allergi for gras og dyr, var han slett ikkje den odelsguten foreldra på Tjønn hadde sett føre seg. Bøker var ikkje prioritert i heimen, men fysisk hardt arbeid som måtte til for å drive ein vestlandsgard stod høgt. 

Skulefaga hadde ikkje vore særleg interessante før læraren i ein norsktime i 9. klasse las diktet: "Du må ikke sove" av Arnulf Øverland. At eit menneske som var født hundre år tidlegare kunne ha skrive noko som framleis var verd å lese, gjorde djupt inntrykk. 

Kanskje det å skrive var noko for han? Han gjekk heim og skreiv sitt fyrste dikt. Med strålande karakter og godord frå læraren, såg han for seg at skriving var framtida for han. Etter vidaregåande søkte han seg til journalisthøgskulen i Oslo, der ein måtte ha toppkarakterar for å kome inn.

Av dei han gjekk saman med på journalisthøgskulen, var dei berre to av seksti som hadde ein annan hudfarge. Det var ei kvit verd han møtte, både der og slik det hadde vore heime, på TV og elles gjennom reklame og annonsar. Ingen med hans hudfarge å identifisere seg med!

Direkte rasisme slik Arve Beheim Karlsen og Benjamin Hermansen vart utsette for kring tusenårsskiftet, opplevde han ikkje sjølv. Men han har ofte fått kommentarar som kanskje ikkje var vondt meint, men sårande. T.d. som nyinnflytta i Oslo: "Er du det nye avisbudet?" , eller i eige bryllaup i Risør: "Er du servitøren her?"

Jung Tjønn er ein svært aktiv forfattar og har fått fleire prisar. Han hadde ikkje tenkt så mykje over at han kom frå Sør-Korea før han heldt det fyrste barnet deira i armene. Såg på sonen og tenkte at det var det einaste menneske han visste om som han var i slekt med! Seinare har han fått tre barn til.

Boka "Kinamann" frå 2011 vart skrive etter han hadde fått oppmoding om det, men han strevde med skrivinga då. I 2022 kom "Kvit, norsk mann", ei intens forteljing om å ha annan hudfarge og alltid vere litt annleis. Hausten 2024 kom "Norsk kjærleik", også den ei diktbok, og der får han fram kor stor pris han set på foreldra og garden. Desse to bøkene er på nynorsk, og han avslutta med å lese opp frå dei. Fleire kom for å snakke med han etterpå, medan andre nytta høvet til å kjøpe med seg signerte bøker.

Etterkvart som åra har gått, har han kjent at det er ved garden og fjella ved Sognefjorden han høyrer til, og at det er godt å kunne ta med familien og reise hit i sommarferiane. Mållagsmøtet med Brynjulf Jung Tjønn var eit kveld ein vil hugse lenge. Ein trygg person som har noko viktig å seie om haldningar i samfunnet overfor dei som er annleis.



Foto: Inga Lauvdal     Tekst: Solveig Lima


Årsmøte 4. februar

Styret hadde 14 dagar før møtet sendt ut sakspapir til medlemene der dei fekk lese gjennom årsmelding og rekneskap og kome med framlegg til saker. Møtet vart leia av Hallvor Brunstad, og både innkalling, årsmelding og rekneskapen vart godkjent. 

Det har vore gjort godt arbeid av styret i året spm gjekk. På det omframe årsøtet 17. september 2024 vart det løyvd 220 000 kr til Agdersatsinga. Inga Lauvdal har hatt god kontakt med Nora Tangen Aarskog, leiar i Studentmållaget, og ho har starta i jobben som reiseskrivar frå 01.01.2025.  

Sidan det ikkje har vore søkarar frå Agder dei siste åra til journaliststipendet, vart det i haust i staden lyst ut stipend på UiA for studentar som skriv masteroppgåva på nynorsk. Fire søknader vart levert, og når masteroppgåva er ferdig, blir stipendet utbetalt. Kanskje kan nynorsk ved UiA bli meir i bruk no. Svein Slettan og Inga Lauvdal har gjort ein god jobb med dette.

Etter kaffipause med blautkake fekk me også dette året lytte til Maria Viken framføre dikt av Jan Magnus Bruheim, Haldis Moren Vesaas og Aslaug Låstad Lygre. Me er imponert over alt ho har "innabords" av ulike vers - og måten ho framfører det på, med innleving og klar og tydeleg røyst.

Hallvor Brunstad fortset som leiar. Med i styret er som i fjor: Inga Lauvdal, Gyro Nesland Bjørnenak, Svein Slettan og Dag Olav Hagen. 1. varamedlem, Guro Lilleby, går ut av styret. Det same gjer Trude Lindø. I staden kjem Michael Schulte inn som 1. varamedlem og Alf Holmelid som 2. varamedlem.

Underskriven protokoll vert lagt ut under ARKIV når han er klar.

Ein inspirerande kveld i Mållaget med Yngvar Andersen

Tysdag 21. januar var ein fin start på det nye året! Det var sett fram frukt, mineralvatn og litt kaffi som folk kunne forsyne seg med. Stolane som var plasserte i halvsirkel, og fleire måtte hentast fram for at dei 45 frammøtte skulle få plass.

Det var ein triveleg og trygg person som stod framfor oss på golvet. På tydeleg og godt sognamål fekk me høyre om kor stor glede det å bruke kroppen hadde gitt han. Han fortalde om ein god barndom i Fortun, Luster kommune, der han aldri tenkte på at han var mørkare i huda enn dei andre. Som 14-åring fekk han kommentarar, men han let seg ikkje knekke.

Han var svært interessert i idrett og hugsa det meste av rundetider og resultat han fekk med seg frå fjernsynet. Men han såg ikkje på seg sjølv som ein som skulle drive med idrett før ein vaksen "såg" han og kommenterte: "Du er jammen sterk i kroppen". Dette var etter eit godt kulestøyt han bare gjorde utan noka trening på førehand! Det vart ein vekkar som gjorde han godt. Det at ein vaksen verkeleg brydde seg og kom med ein slik positiv kommentar, gav han tru på at han også kunne prestere noko innan idrett.

Han fortalde at han kjente ei enorm glede ved å vere i aktivitet og bruke kroppen. Den gleda ynskte han etterkvart å formidle til andre.

På 2000-talet vart han spurt om å lage TV-progam om trening. Det sa han ja til, men då kunne han ikkje stå og formidle noko på eit språk han ikkje kjente seg heime i. Skulle han vere seg sjølv slik at sjåarane kunne tru på han, var sognedialekten det han måtte bruke. Språk og identitet høyrer saman!

Det var svært oppkvikkande med øktene "4 x 2" han tok med oss. Tidleg spurte han forsamlinga om vi var med på å reise oss og bevege oss litt. Sjølvsagt fekk han ja til det! Det var ikkje så store plassen, men moro var det, og dei to minutta dei fire gongene gjekk fort. "4 x 2" er å gjere øvingar 4 gonger 2 minutt dagleg. Det blir mange minutt i løpet av eit år, nesten 3000. Å gjere noko er betre enn ingenting! 


Alle var i godt humør då kåseriet var slutt. Møteleiaren, Guro Lilleby, takka for det gode kåseriet med ein fin blomebukett! Ho er også frå Luster og kjenner Yngvar Andersen. Ho hadde gjort eit svært godt førearbeid med fin plakat og dessutan lagt arrangementet ut på Facebook.

Mange vart ståande og snakke etterpå, enten med Yngvar eller med  andre dei kjente frå før. 

Ein hyggeleg og fin kveld med inspirasjon til både trening og nynorsk!



Solveig Lima

Har du gått glipp av noko? Sjå her om du vil vite meir om møte som har vore.


Les meir om programmet for våren 2025 her.


For aktuelle saker frå Noregs Mållag sjå her

© 2022 Mållaget i Kristiansand
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!